Gå til innhold

Smugla 5,5 kilo marihuana

Svinesundtollarane fann nær 5,5 kilo marihuana i bil på veg til Bergen.

Svinesundtollarane fann nær 5,5 kilo marihuana i bil på tur til Bergen.

Ein norskregistrert Volkswagen Caravelle fanga interessa til tollarane på Svinesund då bilen passerte den gamle brua over Svinesund om ettermiddagen 10. mars. Dei fekk stansa bilen og samtalen med sjåføren (27) førte til behovet for ein grundig tollkontroll i kontrollhallen på Svinesund.

Sjåføren sa ta han hadde handla  i Svinesund og at han var på veg til Bergen. Tollarane fann fyrst 3,2 kilo marihuana i ein bag inne i bilen. Deretter fann dei 2,2 kilo marihuana i reservedekket.

Mannen og narkotikaen vart teken hand om av mannskap frå Øst politidistrikt, som og etterforskar smuglingsforsøket.

Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, telefon 913 61 780

Del med andre: