Gå til innhold

Smugla brennevin i Nord-Trøndelag

Smugla brennevin i Nord-Trøndelag

Smuglarane førsøkte å gøyme 2 880 liter brennevin i ei last med møbel.

Den store mengda brennevin kom til syne då tollarar stoppa ein svensk registrert lastebil ved Ådalsvollen i Nord-Trøndelag om kvelden 2. mai.

Den litauiske sjåføren (47) sa han skulle til Trondheim med møbla. Tollkontrollen avdekka 2 880 liter brennevin som var skjult bak ein gamal sofa og under ein presenning. Tollarane fann også eit større pengebeløp.

Tollbeslaget utgjer 1.242 900 kroner i avgifter.

Kontakt: Seksjonssjef Bjørn Arild Sørli, telefon 918 23 704

Foto: Tolletaten.

Del med andre: