Gå til innhold

Smugla 28 000 sigarettar

Smugla 28 000 sigarettar

Kjørte «Sukkervegen» med for mykje sigarettar i bilen.

Ein polsk registrert Volkswagen Passat fanga interessa til tollarane frå Ørje tollstad då bilen sundag 26. februar køyrde inn i Noreg på «Sukkervegen» i Aurskog-Høland. Tollarane stoppa bilen på Bjørkelangen.

Dei to polske statsborgarane i bilen hadde ikkje noko god forklaring på kvifor dei køyrde inn via Skillingfors og «Sukkervegen» i Sverige i staden for hovudvegane over Ørje eller Eda/Magnor, og dei vert difor teken med til Ørje tollstad.

Skannarkontrollen av bilen avdekka framandlekam i støtfangarane og i fleire konstruerte holrom. Tollarane fann i alt 28 460 sigarettar i bilen, som utgjer 94 000 kroner i avgifter. Polakkane vart levert til politiet på Romerike etter tollkontrollen.


Kontakt: Fungerande seksjonssjef Nils Henrik Olsson, telefon 988 01 706


Ørjetollarane fann over 28 000 sigarettar i bilen. Foto: Tolletaten.

Del med andre: