Gå til innhold

Sjokoladeesker inneheld hasj

Tollarane ved Bergen lufthamn Flesland avdekka 1,2 kilo hasj i bagasjen til flypassasjer.

Då tollarane opna eskene med kindersjokolade og ein eske med brisling i olje i bagasjen til ein spansk statsborgar (59), fann dei 1,2 kilo hasj. Mannen, som er busett i Storbritannia, kom med fly til Flesland om morgonen 26. februar. Han reiste saman med sonen sin.

Mannen hevda at hasjen var til eige bruk. Han vart levert til politiet i Bergen etter tollkontrollen.

Kontakt: Seksjonssjef Åge Skår, telefon 976 99 792

Hasjen låg i sjokoladeesker. Foto: Tolletaten.

Del med andre: