Gå til innhold

Julegåver var Rivotriltablettar

Ungararen hadde med julegåver til kjærasten i Noreg, men tollarane fann 3 200 tablettar med Rivotril i pakkane.

Tollarar frå Fredrikstad stoppa mannen (44) då han kom med tog frå Sverige. Han sa han var på veg til kjærasten som jobba i Noreg.

Tollarane kontrollerte bagasjen og fann då julegåvene. I staden for vanlege julegåver såg tollarane fleire hetteglas som inneheld Rivotril. Øst politidistrikt vart varsla og mannen vart henta av ei politipatrulje frå Fredrikstad.

Julegåvane var pakker med Rivotril. Foto: Tolletaten. Media kan fritt nytte bileta.

Pakke med Rivotriltablettar
Pakke med Rivotril

Del med andre: