Gå til innhold

[Utgått]Smugla 2,2 kilo kokain i Østfold

Etter å ha vært på fest i Gøteborg nokre dagar sette nordmannen (47) seg i bilen for å kjøre heim. På fylkesveg 118 i Østfold sto tollarar frå Svinesund tollstad. Dei fann 2,2 kilo kokain i bilen.

Mannen vart stoppa om morgonen 1. november. Han fortalde at han hadde festa med familie og vener i Gøteborg i Sverige nokre dagar.

Narkotikahunden Asti markerte for funn av narkotika mot dashbordet og bilen vart då skanna. Skannaroperatørane såg framandlekam på to stader på skannarbileta.

Etter at tollarane fann fleire pakker i bilen, vart politiet tilkalla. Dei tok hand om mistenkte, dei 2,2 kiloane med kokain og etterforskinga av smuglingsforsøket.

Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, telefon 913 61 780

Skannaroperatørane såg fremandlekam i bilen. Foto: Tolletaten.Narkotikahunden Asti

Narkotikahunden Asti markerte for narkotika. Foto: Tolletaten. Media kan fritt nytte bileta. 

Del med andre: