Gå til innhold

Tilbakebetaling av toll

Drawback eller tollrestitusjon er tilbakebetaling av toll for innsatsmaterialar som er brukte i produksjonen av ei ferdigvare som blir eksportert.

I dei aller fleste frihandelsavtalar er det forbod mot dette, og forbod mot å utferde opphavsbevis for produkt som inneheld innsatsmaterialar som det er gjeve tollrestitusjon for. Likevel finst det enkelte overgangsordningar og unntak.

Har du brukt innsatsmaterialar du har betalt toll for, kan du ikkje søkje om tilbakebetaling av denne tollen når du eksporterer ferdigvara som eit opphavsprodukt med eit opphavsbevis.

Drawback omfattar også ordninga med mellombels tollfridom mot depositum.

Hovudregelen om at det ikkje kan utferdast opphavsbevis dersom det er tilstått drawback, gjeld ikkje dersom innsatsmaterialane ikkje er med i vareomfanget til avtalen.

Du kan sjølv velje om du vil søkje tilbakebetaling av toll eller selje dei eksporterte varene som opphavsvarer.

Ofte løner det seg å velje å selje vidare med opphavsstatus, heller enn å få tilbakebetalt tollen.

Del med andre: