Gå til innhold

Slik får vara opphavsstatus

Skal vara di få preferansetollbehandling ved eksport, må ho ha opphavsstatus etter opphavsreglane i den aktuelle frihandelsavtalen.

Det vanlegaste ved eksport frå Noreg er at vara anten har norsk opphav eller EØS-opphav. Dette er informasjon du må gje opp i rubrikk fire på varesertifikat EUR.1 eller ta med på opphavserklæringa.

Det er to hovudreglar som ligg til grunn for at vara din får status som opphavsprodukt. Ho skal anten vere "framstilt i heilskap" eller "tilstrekkeleg tilarbeidd eller foredla" innanfor eit frihandelsområde.

Framstilt i heilskap

Vara din vil vere eit opphavsprodukt dersom ho er framstilt i heilskap i frihandelsområdet. Dette vil typisk vere varer som dyr, plantar, fisk og mineral. Frihandelsavtalane omfattar slike varer i avgrensa grad.

Tilstrekkeleg tilarbeidd eller foredla

Denne regelen omfattar varer som er tilarbeidde eller foredla på ein eller annan måte. Spørsmålet i slike tilfelle vil vere om vara di er nok tilarbeidd til å oppnå opphav i det landet tilarbeidinga skjer.

Reglane om graden av tilarbeiding finner du i dei ulike frihandelsavtalane. Ei vare kan også innehalde innsatsmaterialar frå eit tredjeland og likevel få opphavsstatus.

For å kunne finne ut kor mykje tredjelandsmaterialar det er lov å bruke, må du slå opp i eit av vedlegga i opphavsprotokollen, dei produktspesifikke prosessreglane, heretter kalla listereglane.

Opphavslandet er det landet der den siste vesentlege tilarbeidinga går føre seg. Siste vesentlege tilarbeiding vil seie ein tilarbeidingsprosess som handlar om meir enn å pakke om varer, samanstille varer til sett, lagre vara eller emballere ho.

Listereglar

Listereglane seier kor mykje tilarbeiding eller foredling som må til for å få opphavsstatus på ferdigproduktet.

Lista tek utgangspunkt i HS-nomenklaturen (tolltariffen). Det finst listereglar for alle varer. Det er viktig å merke seg at det også er listereglar for varer som ikkje er med i vareomfanget til frihandelsavtalen. Du kan derfor ikkje bruke listereglane for å vurdere om den aktuelle vara er med i vareomfanget eller ikkje.

Lista har fire kolonnar. Den fyrste viser til kapittel eller posisjon i tolltariffen. Står det "ex" framom kapitlet eller posisjonen, gjeld regelen berre for dei varene som er spesifikt nemnde i kolonne 2.

I kolonne 2 finn du vareomtalen.

Kolonnane 3 og 4 inneheld dei aktuelle listereglane for ferdigproduktet. Er det ein listeregel i båe kolonnane, kan du velje kva for ein regel du vil bruke. Når det blir vist til materialar i kolonne 3 eller 4, er det berre snakk om tredjelandsmaterialar.

Nokre reglar går att i listene:

  • Posisjonsskifteregelen
    Denne listeregelen inneber at ei ferdigvare får status som opphavsprodukt dersom tredjelandsmaterialane som blir brukte i produksjonen av ferdigvara, har ein annan posisjon i tolltariffen enn ferdigvara.
  • Verdiregelen
    Ferdigvara får opphavsstatus dersom ho ikkje inneheld meir tredjelandsmaterialar enn den oppgjevne prosentsatsen i listeregelen. Prosentsatsen blir alltid rekna ut frå prisen på ferdigvara frå fabrikk (Ex Works-pris).
  • Toleranseregelen
    Han tillèt at du utan omsyn til listeregelen for ferdigvara kan bruke inntil 10 prosent tredjelandsmaterialar i produksjonen.

For varene der listeregelen krev at alle brukte tredjelandsmaterialar skal skifte posisjon, inneber toleranseregelen at du likevel kan bruke inntil 10 prosent tredjelandsmaterialar som ikkje skiftar posisjon.

Toleranseregelen kan ikkje brukast for varer som blir klassifiserte i kapitla 50 til 63 i tolltariffen (tekstilvarer).

Minimale prosessar

Blir vara din tilarbeidd i eit land, men tilarbeidinga ikkje er omfattande nok til at ho får opphav i det aktuelle landet, kallar vi tilarbeidinga med ei fellesnemning "minimale prosessar". Ei vare kan skifte posisjon og dermed oppfylle ein listeregel. Resultatet er at ho blir eit opphavsprodukt. Dette gjeld berre dersom tilarbeidinga som har medført posisjonsskiftet er meir enn ein minimal prosess.

Kumulasjon

I frihandelsavtalane Noreg har inngått, er det opning for det som blir kalla kumulasjon. Kumulasjon vil i denne samanhengen seie "fri bruk av opphavsmaterialar".

Kumulasjon tyder at du kan bruke opphavsmaterialar frå eit anna land som er med i kumulasjonsordninga. Dette tyder at materialane det blir kumulert med, ikkje treng å tilfredsstille listeregelen for eksportproduktet.

For at du skal kunne bruke kumulasjon, må du undersøkje om

  • opphavsprotokollane er like i alle avtalane
  • at dei har ein frihandelsavtale med kvarandre.

Dette systemet tillèt også at opphavsprodukt frå eit land som er med i kumulasjonsordninga, kan reeksporterast til eit anna land som er med i den same kumulasjonsordninga.

Del med andre: