Gå til innhold

Opphavskonvensjonen - nye opphavsreglar i Europa og Middelhavslanda

Med nye reglar kan du som eksportør få problem med å oppnå norsk opphav for produkta dine.

Opphavsreglane sei korleis ei vare skal tilverkast (til døme kor mykje 3. lands materiale ein kan nytte) for at vara skal få opphav og kunne importerast tollfritt eller med nedsett toll under ein frihandelsavtale.

Eit arbeid med å revidere teksten til Opphavskonvensjonen er no i gang. Målet er å forenkle og liberalisere opphavsreglane, medrekna utvida kumulasjonsmoglegheiter mellom landa. 

Det er difor særleg viktig at norske eksportørar ser på reglane som er føreslått for sine eksportprodukt. Endringane kan medføre upårekna problem med å få norsk opphav på varer som eksporterast til landa nemde under. 

 

Foreslåtte regler for kapittel 1_24.pdfnye reglar for kapittel 1-24 (167 kB)

foreslåtte regler for kapittel 25_49.pdfnye reglar for kapittel 25-49 (173 kB)

Foreslåtte regler for kapittel 50_63.pdfnye reglar for kapittel 50-63 (106 kB)

Foreslåtte regler for kapittel 64_97.pdfnye reglar for kapittel 64-97 (241 kB)

 

Dei nye reglane er allereie sette i verk i frihandelsavtalane EFTA har med Montenegro og Bosnia-Hercegovina, samt EØS-avtalen og EF-Norge.

Desse er med på konvensjonsarbeidet:

EFTA, EU, Albania, Algerie, Bosnia-Hercegovina, Egypt, Færøyene, Israel, Jordan, Libanon, Kosovo, Marokko, Montenegro, Serbia, Syria, Tunisia, Tyrkia og Palestina.

EFTA har frihandelsavtalar med alle landa, unntatt Algerie, Kosovo og Syria.

For å halde deg oppdatert anbefaler vi at du abonnerar på Nyheiter frå Tolletaten.

Har du problem med å forstå korleis reglane påverkar eksportvara di, kan du kontakte Susann Nilsen eller Leif-Ottar Pettersen.

 

Del med andre: