Gå til innhold

Søknad om å utferde nasjonal leverandørerklæring utan underskrift

Leverandørar kan etter søknad få fritak frå kravet om å underskrive nasjonale leverandørerklæringar. Søknaden skal sendast den tollregionen firmaet høyrer heime.

Følgjande vilkår må vere oppfylt:

  • Du har hyppige sal av varer som vert eksportera av andre, anten varene vert tilarbeida før dei vert eksportera, eller dei videreselgjast uten tilarbeiding.
  • Du har kunnskap om relevante opphavsreglar i samsvar med tollforskrifta § 8-4-6, fjerde ledd jf. § 8-4-4, annet ledd bokstav c.

Desse dokumenta skal leggjast ved søknaden:

  • dokument som stadfestar opphavet på produkta du sel, eller
  • dokumentasjon på tilrbeidingsprosessen dersom opphavskrava skal oppfyllast gjennom fleire ledd

Autorisasjonen er i utgangspunktet gyldig i 2 år. Ynskjer du forlengjing av denne, må du søkje 3 månader før autorisasjonen utgår. Forlenginga vert gjeve for 5 år. Tolletaten vil overvake bruken av autorisasjonen og den bli tekt tilbake ved misbruk.

Ved søknaden skal det også leggjast ved 2 eksempler på tidlegare sal der det er brukt leverandørerklæring og opphavet er dokumentert.

Ei liste over innvilga autorisasjonar vil bli lagt ut på denne sida fortløpande.

Regelverket for denne ordninga finn du i tollforskrifta § 8-4-6 fjerde ledd, jf. § 8-4-4 og § 3-1-19.  

Del med andre: