Gå til innhold

Mellombels eksport

Skal varer mellombels til utlandet for reparasjon, utstilling eller liknande, må du deklarere varene som ein mellombels utførsel for Tolletaten.

Ved å gjere dette forenklar du deklareringa når varene kjem attende til Noreg. Tolletaten stiller nokre krav for å kunne deklarere varer mellombels ut.

Eigne prosedyrekodar

Når du utfører ei vare mellombels, bruker du eigne prosedyrekodar for dette på deklarasjonen du gjev til Tolletaten. Informasjon om dei ulike prosedyrekodane finn du i utfyllingsreglane for utførselsdeklarasjonen, under rubrikk "37 Prosedyre".

Tolletaten kan gje inntil eitt års frist for gjeninnførsel av varene. Dersom du overskrid fristen for gjeninnførsel, må du betale toll og avgifter for heile vara når denne returnerer til Noreg.

Du må deklarere varene

Når varene kjem tilbake til Noreg, må du deklarere dette til Tolletaten på lik linje som ein vanleg import.

Dersom du deklarerer varer som berre skal mellombels ut av Noreg som ein ordinær utførsel, kan du ikkje bruke de spesifikke prosedyrekodane for gjeninnførsel som er nemnde over. Du må då deklarere dei returnerte varene som ein ordinær import og fortolle vara. Det vil seie at du må betale eventuell toll og avgifter for den fulle verdien av vara, inklusiv fraktkostnader og eventuell forsikring. Du kan i etterkant søkje Tolletaten om refusjon for avgiftene du betaler ved ein slik gjeninnførsel.

Som eit alternativ til deklarasjon for mellombels utførsel og påfølgjande gjeninnførsel, kan du bruke eit ATA-carnet.

Del med andre: